Frå Volda-Soga, Band 3, s.141-142:

Shared note

Frå Volda-Soga, Band 3, s.141-142:

BRUK 1. MIDGARDEN. Ca. 1530. Gullik (ca. 1500-70). N. i ei ættbok på Bjorkedalen.

  1. Jon Gulliksson (1530 - 1610) førte ei sak for herredagen i Trondheim i 1578. I saka la han fram korleis han og grannen med stor møde hadde rudd gardane, og no hadde vorte hindra av Oluff Oluffsson som ville rydje same gard og byggje der. Dei kunne ikkje late opp dette stykket som Oluf (Daae) hadde teke i bruk utan det vart til skade for bruka deira. Stykket hadde frå høyrt til under bruka, og der var 12 manns dom for at stykket hadde lege under deira hovudgard. Oluff hadde med range prov bygd dette jordstykket med løyve frå Erik Rosenkrantzs fut. Dei hadde fått ein 24 manns dom som hadde vorte lesen palmelaurdag 1576, der kongens fut Jens Jyde skulle gå markegang mellom Vikane og Høydalen, og der var då ein liten øydeplass som skulle synfarast. Det var deira sæter og febeite som hadde lege begge bruka til, frå fyrste mann hadde rudd der. Det var denne sæter og febeite futen Hans Badskicr grieve Oluff rett til å busetje seg på.

Etter den granskinga som vart giort, synte det seg at det var ikkje bygd noko, og heller ikkje var der råd å byggie då det ikkje var nok skog til husbygging. Dei 12 mann sa difor dom for at denne sætera og beitemarka skulle etter denne dag framleis liggje under hovudbruka, og ingen skulle ha makt til endre dette. Oluff hadde ofte gjort hindringar i å bruke og nytte dette jordstykket. Endå saka varte i dagar, møtte ikkje Oluff eller nokon på hans vegne for å syne fram rettsbrev, og Jon fekk dom for at dei hadde rett til bruk av sætra og beitestykket. Jon førte saka si sjølv for herredagen.

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Jon Gulliks. Indre Høydal
about 1530
490 Indre Høydalen, Austefjord, Volda
3 about 1610
410 80 Indre Høydalen, Austefjord, Volda
Thursday, May 28, 2020 8:21 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change