Skjifte 1769 etter Ingjeber Larsdotter, til ekkjemannen Nils Kolbeinson og borna deira: Jó Nilsson,…

Shared note

Skjifte 1769 etter Ingjeber Larsdotter, til ekkjemannen Nils Kolbeinson og borna deira: Jó Nilsson, tener hjå Tolleiv Bjørset "hvilken han med Høy-Øvrighets tilladelse udi Embeds Forretninger gaaer til hannde", Anne Nilsdotter gjift med Anders Olavson Jesdalin. Helge Nildt 17 år. --Usidvanleg rikt bu. 386 dl, (av da var 331 dl Panteobligasjon frå Danen Person Hegnes, pengekrav 15 i Dversdalin, 15 på Myklebost 3 på Fygla, 4 hjå Nils Orskog) -- 85 dl., som var ekstraskott 9 dl., 50 dl til dottera Helge i brudlaupsutflutning til like med systera Anne -- jordferdskostnad 12, skjifte 14. -- Fritt til arv 301 dl. (Sjå skjifte 1695 og 1729, vist same folkje). Ho Helge fekk sylvbelte til 10 dl. og pengekrav i bygda fyr 40 dl ! Sers, ikkje nemnt fyrr: kastenot, sylvkanna til 55 dl., sylvbikar med NKS, 5 sylvskjeider, bibel og "fuldkommen Psalmebog" og huspostel. -- 15 kyr (verd 3-31/2 dl.): Kvitlende, Raudflekke, Bleikreid, Bugjord, Bondekolle, "Ræg", Sale, Svartekolle, Svartekjyr, Plumme, Snyreid, "Rosie", Eukolle, Lidaros, Kvitekolle, Bleiksid. -- Raud gradhest verd 9 dl.

Skjifte 1775 etter Helge Nilsdotter, til ekkjemannen Erik Hjermesson og einaste barne deira Hjermes - av Hjeronimus (vrangt skrive Jeremias), 4 år. Ho Helge dø i barselseng, fekk fyrst ei dotter Helge, men dø etterpå. Bue var på 338 dl., irekna 12 pengekrav i bygda - da største var hjå klokkaren Knut Jansson Nerbø, 72 dl. - (Ingja skuld. med avtak fyr jordfærdskostnaden 12 dl.). Sjå skjifte 1769, da var same bue, med 15 kjyr og mykje sylv, 15 smalebeist. Svart gradhest. (berre 5 dl.). Nøgda av golita Kvinneklæd, 3 barnehuvur og 4 andre hovudplagg ("hyllikker"). 7 tynnur såkorn.

(^^ Joleik, Soga um Jølst, s.392)

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Nils Kolbeins. Myklebust
September 28, 1712
308 3 about 1780
240 67 Myklebust, Jølster
Thursday, May 14, 2020 3:39 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change