Magnus fekk gifta si i Stordalen, og det gjekk slik til:

Shared note

Magnus fekk gifta si i Stordalen, og det gjekk slik til: Magnus hadde ærend inn på Veblungsnes til marknads. Han fylgde ein båt som skulle til Sunde og gjekk frå i Stordalen. Her tok han den gamle ferdavegen over fjellet. Då han kom fram på Jassvollen, stod folket og skar. Ei giftande jente på garden stod, som ventande var, nærast vegen så ho kunne få seg ein prate med ein forbifarande. Magnus sette seg ned for å kvile og likte godt denne pratsame og triveleg utsjåande jenta. Det vart matykt, og Magnus vart beden opp i garden. At han fekk mat er uturvande å fortelje, for den som veit korleis god folkeskikk var denne tid. Han reiste så på Neset og kom att same vegen og fekk natteherberge på Jasvollen. Han kunne ikkje gløyme denne ferme jenta. Magnus vart verande her ein dag til, og så fridde han til jenta. Ho sa at ho likte han godt, men det kom an på kva foreldra sa, og så ville ho sjå heimstaden før ho gav endeleg svar.

Då ho fortalde foreldra om tilbodet og spurde om deira samtykke, var dei imot det. Ho hadde før tilbod om å verte gardmannskone nede i bygda, og det ville foreldra ha henne til. Jenta heldt likevel på sitt, hadde ho berre visst kor det såg ut der han budde. Om ho kunne få vere med hann inn i Sunnylven? Det var nett så lageleg far både inn og ut att, og ei avfal tid på året var det. Ho kunne no vel få sjå inn i Sunnylven, der ho ikkje hadde vore før. Såleis snakka ho foreldra i tunn, så ho fekk følgje med ned til Hellesylt.

Til Langeland kom dei seint ein kveld, og uventa var det at Magnus kom med ei framande jente. Mor til Magnis, Marit, var ei grei kjerring og laga til eit høveleg framandmåltid. Likevel orsaka ho seg med desse orda då ho hadde fått unge Marit til bords: "Du lyt ha på ollo skyn. Uventa gjester får uvande rettar."

Då Marit kom ut att til Jasvoll, rosa ho både folket og stellet på garden, og gav seg ikkje før folket hennar samtykte i giftarmålet. I mellomtida hadde Jasvoll-Jakob treft sunnylvsfolk og fått vite at Langeland var ein god leveveg og folket gilde folk.

Så vart då Marit Langelandskone, og ho og Magnus sat her lukkelege fram mot 20 år. Då kom her sottsykje, 1802, og både kårfolket, Lars, 83 år g. og Marit 82 år g., og ungfolket Magnus 53 år g. og Marit 44 år g. døydde. Presten Herr Daae, heldt ein rørande og manande gravtale. Han likna dei sju foreldrelause borna med sju fagre blomar i ein hage der grind og gjerde no var vekk, og la folket på hjarte at dei måtte verne om denne hagen, og ikkje sjølve eller la andre få trakke på dei fagre blomane, Guds blomar.

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Magnus Larss. Langeland
1749
271 Langeland, Sunnylven, Møre og Romsdal
7 1802
218 53 Langeland, Sunnylven, Møre og Romsdal
Tuesday, December 18, 2012 12:02 AM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change