## "Bertine og bjørnen"

Shared note

"Bertine og bjørnen"

Då Bertine var ung i Gjengedalen, gikk ho på setra i lag med dei andre. Dei var eit par gongar plaga med nærgåande bjørn, og ved minst eitt tilfelle, då ein slagbjørn hadde herja i området, og teke fleire kalvar og kyr, hadde dei med seg vakse folk med våpen når dei gikk til og frå setra.

Ein kveld eller ei natt på setra, kom bjørnen til selet der Bertine sov, og prøvde å slå inn døra til dyra. Dette hadde hendt før, og bjørnen hadde teke dyr etter at han braut seg inn i fjøset, men då var ikkje Bertine der. Dei hadde derfor sett i ei solid dør, som var forsterka på utside med jernband. Bertine var åleine i selet mens bjørnen stod utanfor og "banka på", men det var folk i dei andre sela på setra. Ho såg bjørnen mens han holdt på, og etter ei stund gav han seg og gikk litt ifrå selet. Han sette baken mot ein stein og kleia seg. Deretter fekk han sjå eit kvart borte i åsen, og vart stående å sjå bortover. Etter å ha stått heilt i ro ei stund og stirra, sprang bjørnen plutselig avgarde mot åsen og vart borte. Sjøl med jernband på døra, var det djupe merker i trevirket etter klørne til bjørnen.

Ein annen gong Bertine var nær bjørnen i Hyen, hadde dei hest med seg for å kløve opp på og ned frå setra. Det var vakse folk med den gongen og. På veg opp på setra, stoppa hesten brått, og ville ikkje gå lenger. Han nekta plent å gå, uansett kor dei jaga og piska på hesten. Plutselig tverrvende hesten og sprang nedover igjen. Og berre nokre dagar etterpå såg dei bjørn i området igjen. Då meinte dei på at det var bjørnelukta hesten hadde merka, og som hadde fått hesten til å snu. Ikkje at hesten hadde vorten galen som husbonden der trudde då han sa "no er den øykja øydelagde òg!"

"Eit Satans Kvinnfolk!"

Bertine strikka mykje. Ho hadde ein slags krok som likna på ei sikkerhetsnål som ho festa garnnøstet i stakken med, Ho strikka og mens ho gjekk, lagde middag eller gikk på do. Ho var aldri langt frå tråden og strikkepinnane. Såleis hadde ho strikketøyet i handa då ho stod på "Klungresteinen" i lag med Severin Kjøde og Hans Kjøde. Klungresteinen vart ofte brukt av folk på land for å dirigere karane i båtane når dei kasta sild. Slik var det denne dagen. Folket frå Aarsæter var i båten på sjøen nedanfor, og der var også fleire båtar. Severin Kjøde og Hans Kjøde var i lag om ei not, og dei hadde også folk i båten. Bertine og dei andre på steinen prata om laust og fast mens dei såg etter silda på fjorden nedanfor. Og då Bertine såg kor det skimma i sjøen etter silda, peika ho innover bygda og spurde eller nemnde eit kvart om eit hus der inne. Slik fekk ho karane på steinen til å snu seg innover i staden for å speide ned på fjorden, og bak ryggen på karane på steinen dirigerte ho karane sine til å skyte nota. Dei stola på ho, og sette nota på hennar kommando. Dei andre karane på steinen oppdaga at karane der frå garden hadde begynt å skyte nota utan at det var noko å sjå, lurte på om "Årefolket" hadde vorte steikjande galne. Det var imidlertid full klaff, og dei gjorde seg eit stor kast. Seinare, då folket frå dei andre båtane fortalde at dei hadde sett ho Betrine vifte og veive med henda, forstod Severin og dei andre kva som hadde foregått bak ryggen deira mens dei slarva om naboane, og Severin utbraut "Satans kvinnfolk!" Dette var eit "kompliment" Bertine skal ha ledd av lenge etterpå.

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Bertine Kristine Rasmusdtr. Gjesdal
Bertine Rasmusdatter Gjesdal Teigen
May 6, 1875
145 Gjesdal, Davik
6 May 26, 1970
50 95 Åresæter, Kjøde, Selje
Friday, November 23, 2012 3:41 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change