Christen Søfrenson Wittrup (1576-1636). Fut i Nordfjord 1596-1606, som slo seg til på Evebø, ein sto…

Shared note

Christen Søfrenson Wittrup (1576-1636). Fut i Nordfjord 1596-1606, som slo seg til på Evebø, ein stor krongods-gard med store skogar og rike fiskerettar i Storelva. Christen Søfrenson Wittrup fekk bygsle garden på livstid. Han dreiv saga ved Evebøfossen, som var bygd på 1500-talet. Storelva har frå gamalt av vorte nytta til tømmerfløyting. Men C.S.W. hogg så mykje skog at han miste privilegiet for skogsdrifta. Futen fekk mange klager på måten han skjøtta embetet på, og han vart supendert. Han flytta til Bergen og vart utnemnd til rådmann i 1624. Seinare vart han teken i nåde og kom tilbake som fut. Wittrup fekk i 1622 løyve til å ta opp att sagdrifta i Evebøfossen, og eigde etterkvart 11 gardar i Gloppen og 3 andre stader i Nordfjord. Enkja Anne Abelsdatter overlevde mannen med 36 år. Ho dreiv bøndene på gardane sine så hardt at ho fekk tilnamnet "Blodbytta". Ho brukte mange listige knep for å slå under seg mykje jord etter at fute-mannen hennar var død. Wittrup-familien slo seinare under seg fleire større jordeigedomar i Gloppen, m.a. Eide og Evebø. Det er opplyst av en Jon Laberg i et notat fra 1899 at Chrsiten var begravd bak alteret i Bergens Domkirke, og at kobberplaten da befant seg i Bergens Museum. Etterkomarane var både sorenskrivarar, lensmenn, og dreiv gjestgiveri.

(http://www.nrk.no/distrikt/sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1686913.html)

Kisteplata av kopar er i Bergen Museum

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Christen Sørenss. Wittrup
April 15, 1576
444 Vittrup, Jylland, Danmark
11 June 21, 1636
384 60 Bergen, Bergen, Hordaland
Sunday, February 27, 2005 11:32 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change