Frå soga om Jølst:

Shared note

Frå soga om Jølst:

  1. juni 1697 skifte på Indre Berg etter Kristi Andersd. til enkjemannen Knut Johanness., til hennar 9 born med Torgeir, og til dei to med Knut: Torgeir og Marite. Men dei dø etter mora, så faren arva dei. Bue var på 247 dl.. Enkje mannen fekk 7 dl for jordferdskostnaden. Då all skuld var greidd, fekk enkjemannen sin halvpart av buet. Og "herforuden en Broderlod som Manden begiered efter Loven, hvilken, om hand Sig med æchteskab igien forandrer bør delis til Samptlig Børn" (det var 2 sølvskeier, verd nesten 2 dl kvar (som ei ku). Ei yvesæng til 3 dl og ymse anna.) - Arven etter henne Kristi etter dette vart væl 7 dl på brorlut, nesten 4 dl på systerlut, mest i sølv og tinn og kleder. Skifte 23. juni 1698 - då let Knut frå seg den arveparten til alle syskjena som arva året før.

1692 Simo vann odels- og aastasak mot stjupmor si, Kristi Andersd. og hennar lagverja og bror Lars Ospehogen og Anders Jesdalen. Simo var eldste son til Torgjeir Hansson, som aatte 1 laups odalsjord; fyrr hadde 2 mann havt den jorda. Baade Simo og Kristi hadde gjort seg mykje fyre, med søknad til amtsmannen; han viste sakja til retten (på Jølst). Simo aatte no sin arvpart, og den arvparten som han kjøpte av syster si, som var kona til Knut Myklebost. I alt 1 pund ¾ mork. (Det var mest arv etter mor deira.) Kristi Andersd. var "behefted med mange u-myndige børn", so ho tykte ho maatte ikkje fortrengjast. Men Simo heldt paa at han laut i minsto faa bruke den part av garden som han aatte, til livemaate aat seg og kona og born. Retten dømde nett so. Og Kristi skulde gjere ferdig hus og jord (11 pund ¾) aat Simo. (Hans hadde løyst inn ½ laup, og Torgjeir fekk innløysingsdom paa ½ laup i skifte etter Joans Berg.)

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Kristi Andersdtr. Gjesdalen
about 1640
380 Gjesdalen, Jølster
12 December 24, 1696
323 56 Berg, Jølster
Sunday, February 27, 2005 11:32 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change