Frå Soga om Jølst:

Shared note

Frå Soga om Jølst:

Fendrik Ove Kristjan kravde skifte 1691 etter Torgjeir Hanss., til enkja Kristi Andersd., og til borna hans med fyrste kona: Simo og Anne (som var gift med Knut Myklebost), og til borna hans med 2. kona: Anders, Danel, Olav, Lussi, Sigrid, eldste Marite, eldste-Ingjeber, yngste Marite, yngste Ingjeber, Mari. Usedvanlig rikt bu, 403 dl, -forutan krav ut på 14 dl. Dertil 2 pund 6 mrk smørs odeljord i Indre Berg. 18 mrk odeljord i Åsen i Førde, og 1 laup i Mo som han fekk i pant for 72 dl pengelån. Enkja hadde ein bror, Anders Anderss. i Jesdalin (ho var vel derifrå). Dei to eldste borna fekk (resten av) mors-arven - Simo 16 dl, systra berre litevetta som rest. Og rikjeleg til dei mange halvsyskjena deira. Men det var ei som ikkje måtte skryte av skiftet. Ho er ikkje nemnd, men at ho var "dend Sl. mands Slegfreddatter" - ho var dotter hans Torgeir på laust (før han vart gift?). Ho fekk noko av det rike buet etter faren. 1 kvitel og 1 vaag korn "efter forundelse" (det var vel arvingar og lagverjer som unte soleis). Syskjenflokken, borna hennar Kristi, fekk raust ætling til "brøllops-udflytning og kost", kvar sine 3 kyr, 3 sauer, 2 geiter o.a. 1 åkled, 1 kvitel, 2 tunner korn, og for kver sine 2 dl parti ei sølvkanne til 20 dalar. Enkja sin arvepart var på 114 dl, og "Festens gave" hadde ho rett på. Der var ei mindre sølvkanne og, og sølvbelte med 23 "støcher". og "1 Sølv kiede med 1 plade og vor herre paa Korset paa". Eit gylt sølvbelte med raud reim, og eit med grøn reim. Eit halsband av sølv, Ei sølvlenkje med plata og 3 "Sølf løv i Hengende." 3 sølvskeier. "Onuggje" med sengkle m.a. ei fjørseng, or kjørel (somt av tinn) og "biðne" og reiskap. Ei kiste på "Boedlemmen", 1 huspostel, 2 byrsur, 2 øltunnur av eik, belg og steð, sabel, vangsne (plog), stor koparkjel, jarnstaur. Brun hest, galte og suggur ("Ho-svin"). 1 "ferdingsbaad til Tore Botten bortlat". Dar låg timbr til eit hus.

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Torgeir Hanss. Berg
about 1630
390 Berg, Jølster
12 1691
329 61 Berg, Jølster
Sunday, February 27, 2005 11:32 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change