Frå Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdeskipnaden, s. 138.

Shared note

Frå Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdeskipnaden, s. 138. Paul Johannes var varaordførar i Selje den tida Prost Strømme var ordførar, mellom 1892 og 1895. I dei åra Strømme var på Stortinget, gjorde Paul Johannes mykje av ordførararbeidet. Han var oppsynsmann i vintersildfisket i Vågsvåg, vart mykje nytta til lekpreikar, og på sine gamle dagar var han kyrkjetenar i Leikanger kapell. Han var og ein flink kontormann.

Ragna Stave fortalde at folk ofte kom til Paul når dei skulle ha skrive noko, enten det var brev eller kontrakter, og at han var kalla skrivar.

Havfrua ved Svinøy.

Fem mann frå Skjåstad på Stad, låg til fiskje hjå Kleofas G. Kvalsvik fleire år på rad i 1880-åra. Det var tre brør, Johan, Magnus og Øystein Skjåstad, og so Matias og Pål Skjåstad. Den sistnemnde var høvedsmann på seksringen.

Ein gong vart Matias sendt til Gloppen i Nordfjord etter ein færingsbåt, som han rodde åleine rundt Stadt og heim. Nett komen til lands måtte han ta årane fatt og ro etter jordmor heilt til Vanylven i Søre Sunnmøre. Ja, han henta jordmora; men då var nett båtlaget hans ferdig å fare på fiskje til "Gammelen", ein banke som ligg umlag 6 mil vest av Stad. Men fyrst skulde dei hente agnsild på Leine i Herøy. Stilt og fint ver var det, so karane måtte ro kvar ei mil. Dei fekk agn, og so var det å ro sørover att. Komne ut um Svinøya (der fyrtårnet no stend) kvilde dei litt og tok fram nisteskrina.

Rett som det var, såg dei eit underleg syn: Ei ovfager naka gjente tumla og symde i småbårene framfor båten og rundt den. Matias såg henne fyrst, og so dei andre óg. Håret glitra som gull og var utslege og fløymde nedover herdane. Stundom stod ho beint upp og ned i sjøen, og dei såg skileg korleis bylgjene leika kring brysta hennar. Ho vinka til dei. - Då vart dei reint forfjamsa. "Det er havfrua!" ropte Pål, styrmannen. "Lat oss kaste ein vott til henne, so spår ho veret åt oss," sa han, og so hivde han bladvotten etter henne. Men med det same stupte ho kråke i sjøen, og det siste dei såg av henne var sporen som blenkte som sylv.

Dei sat ei stund og grunda på kva dette skulde tyde. - Ulukke eller heppe. - "Ho såg no so hjarteleg blid ut, gutar, eg trur me held fram!" sa Pål. Dei so gjorde og fekk full last med fisk, og kom vel heim. Men då hadde Matias sete ved årane i samfulle åtte dagar utan blund på augo.

(Ved Kleofas G. Kvalsvik, Herøy.) Segn og tru: Folkeminne frå Møre, Martin Bjørdal (1949), s. 82

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Paul Johannes Paulsson Sjåstad
April 15, 1854
166 Sjåstad, Selje
3 April 11, 1909
111 54 Sjåstad, Selje
Sunday, May 3, 2020 11:57 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change