Furebøen er ein god gard i Angedalen i Førde, Sunnfjord. Ingen av gardane i Øvre Angdalen er nemnde…

Shared note

Furebøen er ein god gard i Angedalen i Førde, Sunnfjord. Ingen av gardane i Øvre Angdalen er nemnde før i 1590. Då var Furebøen ein gard med 1½ laup smør i landskyld, so han var nok rydda og gjort i stand mange år før.

Olav heitte mannen som budde der. Han var ein vyrd mann i bygda, det ser ein året etter. Då skulle det sendast av beste mennene i bygda til å hylle Kong Kristian IV, i Oslo 8. juni 1591. Det vart sendt lensmannen og to lagrettsmenn frå kvart prestegjeld. Olav Furebøen og Gunnar i Naustdal vart sende frå Førde. (Men neste gong det var hyllingsting, i 1610, var det tre andre som vart sende (sjå Aktstykker til de norske stændermøders historie i 1548-1661, utg ved Oscar Johnsen).

I 1597-99 var Olav Furebøen igjen representant for bygdefolket, men på ein annan måte. (Sjå (Herredags) Dombog for 1599, utg ved E. A. Thomle.) Han og Olav Fauske (frå Naustdal) var samen om å bere fram bøndene si sak på ein slik måte at dei vart skulda for opprør. I domboka får vi greie på kva saka dreia seg om.

Det dreia seg mest om føring av landskyld og leidang frå bygda og til byen. Det hadde vore uenighet om føringa sidan Peder Due vart fut. Futen ville at bøndene skulle føre varene til byen for eiga rekning, mens bøndene berre ville føre dei til futegarden Fure i Askvoll. Dei to Olavane hadde gjort seg til representantar for bøndene i denne saka i 1597, og vart då også skulda for opprør. Derfor tok dei eit soknevitne (tingsvitne) nyttårsdag 1598, av 12 svorne lagrettsmedlemar på eigne og soknemennene sine vegner. I soknevitne vart fråsagt at Olav Fauske hadde spurt dei om dei nokon tid hadde høyrt at dei hadde vekt folket til opprør mot kongen sin fut eller futetenar, eller om dei hadde nekta å føre kongen si landskyld og skattevarer når dei var skuldige til det, eller om dei hadde "hult eller dult" kongen si "villvare" (pelsverk). Soknefolket svara nei til alt dette.

Det var det dei meinte, at dei ikkje var skuldige å føre skattevarer og landskyldvarer til byen endå futen kravde det. Når futen kravde folk til føringa, nekta dei og viste til det som Olav Furebøen og Olav Fauske hadde lese opp. Futen laut då leige folk til å reise til byen med varene, ei jekt tre gongar for året. Sidan stemnde han Olav Furebøen og Olav Fauske "med sambt deris medtbrødre" og skulda dei for opprørs-egging. Saka vart lagt fram og dømd på rettarting i Bergen 1599, av 6 riksrådar (2 slottsherrar og 4 lagmenn). Dei to Olavane møtte med fullmakt av alle svorne lagmenn i Førdesokna og Naustdalssokna.

Dei fortalde at dei stod på kyrkjegarden i Naustdal og las opp ein recess eller rettarbot som "Danmarks riges raad" hadde gjeve ut. (Kanskje recessen frå Bergen 27. august 1578, til Sunnfjord.) Den same recess var opplest der på kyrkjegarden før, av lagmannen som var sendt der tilfor å høyre saker og sitje rettarting. Dermed meinte dei at dei var i sin fulle rett, og at dei ikkje var skuldige i noko opprør.

Dei kom også med forskjellige juridiske mottrekk:

  1. Futen Peder Due skulle ikkje ha tiltalt alt folket for ulydighet, men skulle ha tiltalt dei mennene som var tilsagde til føring, og ikkje førte. Retten gav dei medhald i det. Det var 6 mann som var tilsagde å føre leidang, men dei kom ikkje, og futen laut leige folk i deira stad. Dei 6 mennene fekk futen søkje for dei dommarar som tilhøyrde. (Det tek seg ikkje bra ut for dei to Olavane sin del at dei på denne måten fekk overført føringsnektinga til dei 6 mennene som sannsynlegvis berre hadde retta seg etter det som vart sagt, at dei kunne nekte føring til byen.)

  2. Dei heldt seg til eit kongebrev "som schall werre vdgangenn, adt de schulle føere deris rettighedt till kongens stabur och neste siøboed", og derfor meinte dei at dei ikkje var skuldige å føre varene lenger enn til futegarden. Men til det svara Peder Due at det sidan den tid var kome eit anna kongsbrev om at dei skulle føre leidang og landskyld til Bergenhus. Og ellers var ikkje førings så tung for dei som gremde seg; for bøndene i Førde skipreie og andre skipreier skifte på føringa, kvart sitt år. Retten dømde i mot dei, og sa at dei skulle føre kongen sine varer til Bergenhus. (Dette var og ei sak som vedgikk andre fylker i denne tida. I 1590 kom det kjæremål frå alle Bergenhuslen for at dei måtte føre skatten så langt. I 1578 kom kjæremål frå romsdølene for at dei måtte føre skattevarene sine til Bergen. I 1595 kjærde sogninganefor at deimåtte føre landskylda til byen. For krona var det mykje vunne og spart med å sleppe utlegga til føringa frå futegardane til Bergenhus, så bøndene fekk ikkje medhald. I 1604 kom det kongebrev til alle Bergenhuslen, om at bøndene ikkje lenger fekk motarbeide føringa; alle skattevarer skulle førast til Bergenhus.)

  3. Dei innstemnde Olavane la fram eit kjæremål mot futen fordi han tok 5 halve laupar smør av jølstringane for at dei skulle sleppe å føre skattevarene lenger enn til Førde. Men sjøl om futen tok betalt for føringa, nøydde han bøndene i Førde til å føre varene til fyrst til futegarden Fure (5 mil) og sidan til byen, på eigen kost og tæring. Sameleis måtte dei gjere med skatt og skulder frå Haukedalen, sjøl om futen tok 2 halve laupar smør av haukedølene for at dei skulle sleppe føring. Retten dømde at så lenge futen tok betalt av Jølster og Haukedalen, skulle han føre skatten og landskylda deira til Bergen på sin eigen kostnad. (Ei identisk sak var framme for herredagen i Bergen i 1578. Då tok også futen Lasse Skytt særtoll av jølstringar og haukedøler for føringa, mens han nøydde "dei fatige menner som bur ved sjøsida" til å føre skattevarene, saman med sin eigen skatt til byen. Det vart forbode med ei rettarbot 27. august 1578. Men 20 år etter var same praksisen i gang, og riksrådane laut i 1599 igjen forby dette.)

Olav Furebøen og Olav Fauske nytta høvet til å få skjerpa reglane om forskjellig anna som heldt på å skli ut: den altfor høge bygsla og uenigheta mellom fut og kyrkje ombodsmann. Dette fekk dei svar på. Ellers vart dei fortalde at dei skulle "ey ydermeere herepter lade dennum modtvilligen och gienstriidig befinde saaframpt de derfore icke tilbøerligen wille straffis som oprøriske". Peder Due ville ha dei dømde til å gje seg kost og tæring, men dette kravet fikk retten han "for woris schyld" til å sleppe. Futen fekk ikkje tak på Olavane, endå han vel helst hadde sett dei begge halshoggne sidan han skulda dei for opprør. Men det var lite tak Olavane fekk på futen og. Dei vann fram med noko, men tapte i det som gjaldt mest: føringa av skatt til byen i staden for til futegarden. Det som ein må beundre desse mennene for, er at dei tok på seg å bere fram sambygdingane si sakendå det kunne bety livsfare for dei sjølve. Men dei brukte saklighet og kløkt, og kom ikkje i ulykka.

Om Olav Fauske fins det lite informasjon, men Olav Furebøen er nemnd oftare. Han hadde meir å styre enn Olav Fauske, for han styrde Furebøen åleine (1½ laup landskyld). Av tiendelista i 1610 ser ein at han fikk 75 vågjer (nesten 19 tønner) korn. I 1598 hadde han berre 20 vågjer (5 tønner), så han hadde nok brote opp mykje åker fram til 1610.Han var bygselmann, men eigde jord også, med 1 laup landskyld. A. Joleik meiner at faren til Olav heitte Jon (Jò(n)). Detter å dømme utifrå I (stor i) i seglet på hyllingsbrevet i 1597 (skal vel vere 1591 ?). (*Harald Møllendal meinar at "Oluf Furebø's far het visst nok Jon. På Oluf Furebø's segl frå 1610 er J forbokstaven på hans far's navn.")

"Olufs datter Gjertrud var trolovet med Johans Stubhaug. Men 1616 stevnet Johans Gjertrud, fordi hun ikke vilde holde sit trolovelsesløfte, og fordi hun før trolovelsen hemmelig hadde været Bendik Nes' kjæreste. Gjertrud sa, at hun av sin far var tvunget til trolovelsen; hun hadde aldrig hat hjertelag til Johans. Begge vilde nu gjerne skilles. Oluf Furebø hadde formentlig fundet at Johans og Gjertrud vilde være et godt parti. Bendik og Gjertrud skulde nu gifte sig. Men Bendik maatte betale 10 rdl for sin ungdoms elskov."

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Oluf Jons. Furebø
1538
482 Furebøen, Førde
4 1628
392 90 Furebøen, Førde
Sunday, February 27, 2005 11:32 PM
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change