På bygdetinget i 1707 hadde Oddgeir Peders. stemna Peder Ols., Indrebøen fordi Peder skulle ha kalla Oddgeir sin far, Peder Markvards., for ein "avindsbelg nu han ligger i sin grav". Oddgeir førte lensmann Ole Anderss., Kusslia og Rasmus Nilss., Refsdalen som vitne. Desse to hadde på hausttinget i 1706 blitt oppnemnde til å granske skogsmerka og andre tvistepunkt mellom dei to karane. Då det under denne synfaringa vart tale om ei myr, hadde Peder sagt: "Oddgeirs fader holdt sig til det, han ikke burde, de avindsbelger begge ihop." På bygdetinget forklarte Peder, at han med desse ord ville få fram, at Oddgeir og faren "i alle bytter vilde have fordelen fra ham". Mistanken kunne nok Peder ha for seg sjølv, gratis! Men å seie det og komme med slik "usømmelig tale" var noko anna. Det kosta Peder ei bot på 2 lodd sølv og 2 mark i sakskostnadar.
Rognald og Oddgeir Peders. ,Indrebøen var svograr. Det får vi vite då dei i 1703 måtte bøte begge to for "Ubequems Ord" til einannan. Systrene var døttre til Ole Terva/Terven