Langvad låg øde frå 1677 til ca 1684. Dette året skatta Berthel og Lisbet fra garden. Vi veit ikkje…

Shared note

Langvad låg øde frå 1677 til ca 1684. Dette året skatta Berthel og Lisbet fra garden. Vi veit ikkje kvar dei kom frå, men Berthel kan ha komme frå Sundby, og Lisbet frå Storalmenningen. Berthel og Lisbet fekk ei lang brukstid på garden. Då Lisbet døde i 1728, var Berthel over 80 år gamal. Paret dreiv fram eit bruk som kasta rimelig bra av seg. Då Lisbet dø, var der 9 melkekyr, 21 sauer og 13 geiter på garden. Båtbygging var ein betydelig del av virksomheta. I tillegg til ein brukt halvfjerderoms båt med segl, som dei vel brukte sjølve, var det fire nye båtar registrerte i buet: Ein halvtredjeroms båt, to seksringar og ein åttring. Dei var mellom dei fyrste brukarane av line i torskefisket, og på garden var det både møllebruk og smie. Avkastninga gav solide kår. Dei eigde litt bordtøy av tinn, og blant sengetøy var det skinndyner fyllte med fjør og reinhår. Det var særlig i Lisbet si garderoe at vi merkar at dei hadde eit overskot. Ho eigde forholdsvis mykje finekle, til verdien av eit par kyr, bl.a. eit raudt og to blå skjørt, to fora trøyer og tre svarte huer. Berthel sjøl døydde vel eit år etter Lisbet. Likevel står navnet hans i skattelistene i fleire år framover. Kanskje var det uvisst kven av sønene som skulle overta garden etter foreldra. (Saltdalsboka, s. 401)

Given names Surname Sosa Birth Place Death Age Place Last change
Given names Surname Age Given names Surname Age Marriage Place Last change
Berthel Olss. Sundby
39 Lisbet Nielsdtr. Almenning
22
about 1684
336 Langvad, Saltdal, Nordland
6 Sunday, February 27, 2005 11:32 PM
Media objects
Media Title Individuals Families Sources Last change
Sources
Title Abbreviation Author Publication Individuals Families Media objects Shared notes Last change
Sources
Title Individuals Families Media objects Sources Last change