Då Jens og Malin gav seg, vart gardsparten deira delt mellom brørne Bent og Ole. Ole som var yngst og allered gift, fikk Sørgården, det vil seie bygningane på det gamle tunet. Bent fikk bygge husa sine enda lenger sør, på Innergården.
Ole Jenss. vart gift med Berit Nilsd (oppvokst på Nygården) i 1724. Året før var han oppført som husmann. Omkring 1760, då han var vel 70 år gamal, og ho 63, overlet dei kanskje drifta til døttra Anna Olsd. og mannen hennar Johannes Jons. (oppvaksen på Nordgården) som vart gifte dette året, og til sin ugifte son Mons. Men det eldre paret beheldt bygselen, og buet etter Berit i 1767 tyder på at dei ikkje hadde trekt seg heilt tilbake. Besetninga var 6 kyr, 6 sauer og 2 geiter. Sjøredskapet omfatta blant anna ein seksring og 2 sildegarn. Innbuet derimot var begrensa.
Sjølv etter at han hadde gitt opp bygselen i en alder av rundt 80 år, var Ole Jenss. aktiv. Buet etter han i 1771 var ikkje særlig mindre enn det etter Berit.